Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Doping i idrett er bruk av stoff (ofte kalla dopingmiddel) som kan fremja idrettsprestasjonane til ein utøvar.
Historie
Testosteron, eit anabolt-androgent steroid[1] som ofte vert kalla eit anabolt steroid, vart nytta av vektløftarar frå Sovjetunionen frå 1950-talet som del av eit statleg program.[2][3]John Ziegler, som var lækjar for det USA-amerikanske vektløftarlaget, fekk høyra om teknikken, og prøvde ut små dosar testosteron på seg sjølve, den amerikanske trenaren deira og to utøvarar.
Alle la på seg vekt og auka styrken meir enn noko anna treningsprogram, men hadde også bieffektar.[4] På leit etter eit middel utan bieffektar fann Ziegler fram til det anabole steroidet metandrostenolon (Dianabol, DBOL), laga av Ciba Specialty Chemicals.[5][6]
Dette var «det første av de store ASS-preparatene innen idretten», men skulle også visa seg å ha biverknader.[7]
Dei første dopingtestane skjedde i 1966.[2] I 1967 kom IOC sine første lister over forbodne (prestasjonsfremjande) stoff.[treng kjelde]
I samband med OL i Mexico i 1968 blei det nedlagt dopingforbod som galdt heile verda.[8]
I 2003 tok antidopingbyrået WADA over dopinglista til IOC, og vart den øvste styresmakta i antidoping-arbeidet.[12]
Steroidet THG, fullt namn tetrahydrogestrinon, vart første gongen funne i ei dopingprøve utanom tevling i 2003.[13]
I 2010 vart det gjort ein positiv dopingtest for veksthormon.[14]
I desember 2012 var GW1516, ein metabolsk modulator, påvist i ein positiv dopingtest under Vuelta Ciclista a Costa Rica. Tre av dei costaricanske syklistar fekk utestenginger i 3 år, og ein fekk utestenging i 12 år fordi han hadde ein tidlegare dopingdom.[15][16][17]
↑«History of Doping in Sport»(PDF). International Sports Studies, Vol 24, Issue 1. 2002. Arkivert frå originalen(PDF) 23. november 2017. Henta 26. oktober 2016.
↑Historical Timeline. «British sprinter Dwain Chambers becomes the first person to test positive for the steroid THG in an out-of-competition drug test conducted on Aug. 1, 2003.»
↑Mike Jacobs suspended for HGH. Vitja 16. juni 2019. «Terry Newton, a former British international rugby league player, was the first athlete suspended for a positive HGH test last year.»