Don't Let Me Be Lonely Tonight
«Don't Let Me Be Lonely Tonight» er ein song skriven og framført av den USA-amerikanske visesongaren James Taylor frå albumet hans One Man Dog i 1972. Songen har vore med på tre av Taylor sine samlealbum: Greatest Hits (1976), Classic Songs (1987) og The Best of James Taylor (2003). Taylor spelte inn songen på nytt for Michael Brecker-albumet Nearness of You: The Ballad Book frå 2001. Denne tolkinga vann Taylor Grammyprisen for beste mannlege popsong i 2002. MedverksandeJames Taylor - solovokal, akustisk gitar Danny Kortchmar - elektrisk gitar Craig Doerge - piano Lee Sklar - bassgitar Russ Kunkel - trommar, congaer
MottakingAllMusic-skribenten Bill Janovitz skreiv at songen er «eit fantastisk døme på Tin Pan Alley-typen av jazzaktig romantisk ballade», og at teksten til songen, om «ein forrådd elskar som lèt sitt einsame hjarte kontrollera hovudet sitt», var uvanleg i og med at songar med det temaet vanlegvis vart framført av kvinnelege artistar.[1] SalslisteHan vart gjeven ut som førstesingelen frå albumet, og nådde ein 14. plass på den amerikanske Billboard. Hot 100,[2] og nådde topplasseringa si 13. januar 1973. Han nådde òg tredjeplassen på Easy Listening-lista.[3] I Canada nådde songen 18. plassen på Pop Singles-lista og sjuandeplassen på AC-lista. Andre versjonarSongen har vorte spelt inn av følgjande artistar:
«Don't Let Me Be Lonely Tonight» har òg blitt framført på scenen av artistar som George Benson, Pat Metheny og Earth, Wind & Fire. Kjelder
|