Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,[2] er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev,
sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).
Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentera for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.
Jekaterinoslav (russisk skrift Екатеринослав), Katerynoslav ukrainsk Катеринослав, 1918–1926
Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk (russisk skrift Днепропетровск). 1926 til 2016[7]
Geografi
Flyfoto av Dnipropetrovsk. Dnepr renn gjennom byen og fleire bruer kryssar elva i byen.
Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nordvest og held fram sørover i Ukraina.
Klima
Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 °C, og stundom 32-36 °C). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 °C, men når det ikkje er snø og vinden blæs kraftig, kjennest det særs kaldt.
Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 °C og om sommare særs varm (opp mot 40 °C).[8]
Byen fekk namnet Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland. Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1726 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.