Ditmar Meidell
![]() Ditmar Meidell (24. januar 1826–13. juli 1900) var ein norsk redaktør frå Bergen. Meidell var son til ein artillerikaptein. Sjølv byrja han studere mineralogi ved universitetet i Kristiania. I lag med tre kameratar starta han i 1849 det satiriske bladet Krydseren, det fyrste i sitt slag i Noreg. Den fyrste tida kom bladet ut annakvar veke, men med «ramsalte» artiklar om litteratur og politikk steig populariteten snøgt og det vart omgjort til vekeblad. Seinare kom to utgåver i veka. Som redaktør for Krydseren vart Meidell særleg kjend for den satiriske visa «Oleana», ei vise som gjorde narr av Ole Bull sitt forsøk på å grunnlegge ein koloni i Pennsylvania. Frå 1855 endra bladet namn til Aftenbladet, samstundes som det slo «om til eit alvorlegare program». I avisa argumenterte Meidell for årlege storting, for at statsrådane skulle møte i Stortinget og for jurydomstol. Avisa vart lagd ned i 1881. I 1884–85 gav Meidell ut Norsk Maanedsskrift for Litteratur, Kunst og Politik. Frå 1884 til 1890 var han bibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Kristiania. Han gav i 1888 ut boka Paa Kryds og paa Tvers, eit utval med det beste frå avisa Krydseren. Kjelder
|