Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[12]
Kommunar og busetnader
Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[13] medan to har innbyggjarar på båe sider.[4][10] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]:
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[14] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom
dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Merknader
↑gresk Επαρχία Λευκωσίας, Eparkhía Levkosías, tyrkiskLefkoşa kazası
↑«Occupied Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.