Distriktet Hinterrhein (tysk Bezirk Hinterrhein, retoromansk dertgira Rain posteriur) er eit forvaltningsdistrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Distriktet har fått namn etter den sørlege kjeldeelva til Rhinen og omfattar dalen der ho renn og dalen til elva Averser Rhinen.
Distriktet Hinterrhein dekker eit areal på 617,6 km² og hadde 12 672 innbyggarar i 2010. Området er dominert av tysktalande (85 %; inkludert enkelte walsertyske kommunar), men har ein retoromansktalande minoritet (sutsilvan-dialekten; 6 %). To prosent snakkar italiensk.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Distriktet Hinterrhein består av fem krinsar (tysk Kreis, ret. circul) og 28 kommunar (tysk Gemeinde, ret. cumün), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Einast to av kommunane har over 1 000 innbyggarar.
Distriktet har 28 kommunar fordelt på fem krinsar og desse er:
Kreis Avers / Circul d'Avras
|
Kommune
|
Folketal (31. desember 2010)[1]
|
Areal (km²)
|
Avers |
170
|
93.07
|
Alle folketal og språkandelar bygger på folketeljinga frå 2005.
Kjelder