Distrikt i England er den lågaste vanlege administrative eininga for lokalstyre. Distrikta er dermed på same nivå som norske kommunar. Nivåa over er grevskap og deretter regionar.
Den noverande distriktordninga blei innført i England og Wales i 1974, og erstatta eit eldre system som omfatta municipal boroughs, urban districts, rural districts og county boroughs. England har halde seg til dette rammeverket med nokre endringar. Wales har derimot innført ei ny ordning der distrikta er erstatta av county og county boroughs.
Vanlege distrikt er underlagt grevskapet dei ligg i, mens sameinte styresmakter er sjølvstyrte. Ein skil òg mellom bydistrikt (metropolitan districts) og andre distrikt; bydistrikta er sjølvstyrte og fungerer nokså likt som sameinte styresmakter. Nokre distrikt har nemningar borough (opphavleg burh, 'befesta by', seinare med tydinga 'valkrins'). Administrasjonsmessig er det ingen skilnad mellom borough og district, og bruken er normalt eit spørsmål om historisk status.
Eit distrikt kan vera ytterlegare inndelt i kretsar (wards) og/eller verdslege sokn. Desse einingane har eit avgrensa lokalstyre. Kretsar blir mest brukt i byar, slik at kvar bydel utgjer ein krets. Sokn brukaer ein hovudsakleg på landet. Dei består gjerne av ein landsby eller fleire landsbyar som ligg svært nær kvarandre.
Talet på distrikt kan variera gjennom samanslåingar og oppdelingar. I 2009 var det totalt 354 einingar på distriktsnivå. Desse omfatt: