Dikt.noVevsida www.dikt.no er eit kulturengasjement starta av Gunnar Roland Tjomlid der kjende og ukjende forfattarar kan publisera tekstane sine. Nettsida blei fram til februar 2008 drifta av SirCon, men etter dette har Dagbladet.no overteke driftinga av nettstaden. MedlemskapKven som helst kan bli medlem på dikt.no, så lenge ein har minst ein tekst publisert. I februar 2008 hadde vevsida 5746 medlemmer. Det blir lagt vekt på at tekstane skal vera skrive av den forfattaren som publiserer teksten, for å unngå plagiat. For å bli medlem må ein oppretta ein brukar-/forfattarkonto (med brukarnamn, passord, og mailadressa). Ein brukar/forfattar kan velja å vera anonym. Som medlem/forfattar kan ein legga inn tekstar, lesa andre sine tekstar og kommentera tekstar publisert av andre. SjangrarEin kan publisera kva som helst på dikt.no, med nokre få avgrensingar i regelverket (sjå under). Der finst 18 sjangerkategoriar, der kategorien dikt er den største (og utgjer 77,46 % av dei publiserte tekstane). Dei andre sjangrane er: artikkel, essay, eventyr, forteljing, haiku, kortprosa, kåseri, limerick, manus, novelle, prosa, romanutdrag, songtekst, sonett, utkast, og visdomsord. I tillegg er der ein uspesifikk kategori kalla diverse. RegelverkRegelverket på dikt.no i hovudtrekk: Det er ikkje lov til å publisera tekstar som...
(Henta frå regelverket på dikt.no) |