Det tyrkiske rådet
Det tyrkiske rådet eller Samarbeidsrådet for tyrkisk-talande statar (tyrkisk Türk Dili Konuşan Ülkeler İşbirliği Konseyi) er ein internasjonal organisasjon for tyrkiske land. Han blei skipa 3. oktober 2009 i byen Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Generalsekretariatet ligg i Istanbul i Tyrkia. ![]() ██ Medlemmer██ Moglege medlemmer Aserbajdsjan, Kasakhstan, Kirgisistan og Tyrkia er medlemmer i organisasjonen. To andre tyrkiske statar, Turkmenistan og Usbekistan, er ikkje medlemmer av rådet på grunn av sin nøytralitet, men er moglege medlemmer i framtida.[2] Det tyrkiske rådet har som mål å byggja på den felles kulturarva og identiteten til folka i medlemslanda sine. Moglege samarbeidsområde femner vidt, og omfattar mellom anna utdanning, vitskap, transport, toll, økonomi og turisme. Fred og stabilitet i regionen er eit anna mål med samarbeidet. Kjelder
Bakgrunnsstoff |