Den pytagoreiske læresetninga![]() ![]() Den pytagoreiske læresetninga eller Pytagoras’ læresetning er ei grunnleggjande læresetning innan euklidsk geometri og viser til sambandet mellom lengda til sidene i ein rettvinkla trekant. Setninga kan uttrykkast slik:
Dette kan uttrykkast med likninga: der a og b er lengda av katetane, eller sidene som utgjer den rette vinkelen, og c er lengda av hypotenusen. Den pytagoreiske læresetninga har namnet sitt etter den greske matematikaren Pytagoras som har vore rekna som den som oppdaga og beviste setninga.[1] Dette er ikkje nødvendigvis rett; både i Babylon og India verker det som om dei kjende innhaldet i setninga lenge før Pytagoras. Ein har likevel ikkje kunna påvisa at dei beviste teoremet. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|