Deception-elva
Deception-elva er ei elv på Sørøya på New Zealand. Ho er ei sideelv til Otiraelva i regionen West Coast, og renn stort sett i nordleg retning frå utspringet i hellingane under Mount Franklin. Ho renn nær Goat Pass, som gjev tilgang til Mingha River. Nesten heile elveløpet ligg innanfor nasjonalparken Arthur's Pass National Park.[1] Elva vart i si tid kalla «Goat Creek» ('Geitebekken'). Ho vart utforska om kring år 1900 som ei mogeleg alternativ rute for jarnvegslinja Midland Line, og landmålaren åtvara mot at vass-standen i elva kunne vera bedragersk (deceiving). Om lag tre månandar seinare valda flaum i elva inn i dalen Otira Valley skade på jarnvegen for fleire tusen pund, og elva fekk namnet ho ber i dag.[2] Miljøverndepartementet, Department of Conservation, vedlikeheld ein tursti langs elva, og han er ein del av den årlege mangekamptevlinga Coast to Coast Race.[3] Der er tilgjengelege villmarkshytter for fotturistar, ei nær Goat Pass[4] og ei anna litt lenger nede langs elva.[5] Kjelder
|