Daughter of Time er det fjerde studioalbumet til den engelske rockegruppa Colosseum, gjeve ut i 1970. Albumet låg fem veker på UK Albums Chart og nådde 23. plassen.[1] Det vart spelt inn under ei endring i besetninga, og dei seks offisielle medlemmane speler berre alle i lag på eitt av dei åtte spora, «Three Score and Ten, Amen».
Allmusic gav albumet tre av fem stjerner og skreiv: «Musikken til Colosseum fungerer ekstremt bra til å byggje opp spaning og sular lyttaren inn i songane sine. Tekstane er nakne og illevarslande og har ein mellomaldersk smak, og passar perfekt til musikken. Kvar song, alle kring seks minuttar lange, kunne ha vore litt lengre for å la instrumenta få spele meir ut. »[2]