Darryl Way
Richard Darryl Way (fødd 17. desember 1948)[1] er ein engelsk musikar innan både rock og klassisk musikk. Han var med å skipe Curved Air og var medlåtskrivar på den einaste hitsingelen deira, «Back Street Luv». Han er mest kjend som fiolinist, sjølv om han òg speler klaverinstrument. BiografiHan byrja musikkopplæringa si i Dartington College of Arts, og studerte seinare ved Royal College of Music. Då ham møtte Francis Monkman skipa dei bandet Sisyphus, som utvikla seg til å bli Curved Air.[2] Etter tre album og ein hitsingel med Curved Air, slutta han i 1972 og skipa Darryl Way's Wolf, som òg spelte inn tre album før dei vart oppløyst. Det neste bandet hans, Stark Naked & the Car Thieves, tok ein pause då Curved Air vart skipa på ny seint i 1974.[3] Etter albumet Curved Air – Live vart Curved Air oppøyst på ny, men vart igjen samla att av Way med hovudsakleg medlemmar frå Stark Naked & the Car Thieves.[3] Han spelte inn to studioalbum med denne nye inkarnasjonen av gruppa før han igjen drog.[2] Han spelte på to spor på Jethro Tull-albumet Heavy Horses i 1978. Sidan spelte han inn fleire soloalbum, inkludert Concerto for Electric Violin, som hadde premiere på South Bank Show med Royal Philharmonia Orchestra i 1978. Curved Air kom saman att for ei kort stund i 1990 og eit konertopptak frå denne tida kom ut på eit album i 2000. I november 1996 hadde ein opera han hadde skrive, The Russian Opera, premiere på The Place Theatre i London. I 2008 tok han del i fleire konsertar med Curved Air. DiskografiMed Curved Air
Med Darryl Way's Wolf
Med Trace
Med Jethro Tull
Solo
Kjelder
Bakgrunnsstoff |