Daniel Hubmann
Daniel Hubmann (fødd 16. april 1983) er ein sveitsisk orienteringsløpar frå Eschlikon. Han er seksfaldig verdsmeister individuelt og to gongar i stafett. I seks sesongar gjekk han til topps i verdscupen i orientering. AktivHubmann kom på andreplass på kortdistansen ved VM 2005 og i VM 2006, begge gongane bak svenske Emil Wingstedt. Han vann sitt fyrste VM-gull i 2008 på klassiskdistansen, ein meisterskap der han også sikra seg sølv- og bronsemedalje. Endå betre gjorde han det i verdsmeisterskapen i 2009. Han forsvarte då VM-tittelen på klassiskdistansen og vann stafetten med Sveits, i tillegg tok han ein sølv- og ein bronsemedalje. Sidan heldt han fram å vinne medalje i nesten kvart einaste verdsmeisterskap i åra fram til 2021. Han vann gullmedaljen på kortdistansen ved VM 2011, VM 2017 og VM 2018, og på mellomdistansen i 2015. Åra frå 2015 til 2021 sanka han 8 VM-gull, 10 VM-sølv og ni VM-bronsar. Hubmann var beste poengplukkar i verdscupen i orientering åra 2008-11 og 2014-15. Bortsett frå 2012-sesongen var han årleg ein av dei tre beste i verdscupen i tida frå 2005 til 2017. Hubmann vart europameister på klassiskdistansen i 2010 i Primorsko, og på kortdistansen i Ticino i 2018. I alt vann han 10 (2-6-2) EM-medaljar. Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
Kjelder
|