Dan Turèll blei fødd på Frederiksberg Hospital og flytta til Vangede ved København som 9-åring. Han var deneldste av fem sysken. Far hans var elektrikaren Helmuth Turèll-Jensen, som var av fransk avstamming, medan mora Inge Turèll-Jensen var av tysk avstamming. Dan var elev ved Akademisk Studenterkursus.[2]
Dan Turèll livnærte seg gjennom ei rekkje ulike jobbar til han kunne leva av forfattarskapen sin. I 1975 slo han igjennom med boka Vangede billeder. Utover forfattarskapen sin arbeidde han som journalist, og var songskrivar for beatgruppene Blue Sun og Burnin Red Ivanhoe.
19. mars 1982 gifta han seg med skodespelaren og forfattaren Inge Margrete Svendsen, som då endra namn til Chili Turèll.
Dan Turèll døydde av kreft i 1993. Han er gravlagd på Assistens Kirkegård i København.
Dan Turèll elska livet og larmen til byen, og dei mange små historiene han gøymer. Denne kjærleiken til storbyen går også att i mange av historiene hans. Skildringane hans av byen har likevel ofte eit romantiserande preg.
Søndag den 19. mars 2006 blei ein del av Halmtorvet i København (Halmtorget 13A-E, Vesterbro) kalla opp etter Dan Turèll som Onkel Dannys plads.
Politikk
Dan Turèll var kjend for dei mange venstreorienterte synspunkta sine, som også kom til uttrykk i mange av bøkene hans. Særleg i Vangede Billeder, der han talar imot det konservative styret i Gentofte og skildrar det kommunistiske og sosialdemokratiske miljøet i Vangede. I Onkel Danny Fortæller finst det fleire skildringar av venstrefløyssaktiviteter frå ungdomstida til Turèll. Som ung var Dan Turèll m.a. med i Socialistisk Ungdoms Forum, som var ein ungdomsorganisation til Socialistisk Folkeparti.[3] Dan Turèll bidrog også med artiklar til det sosialistiske magasinet Aspekt.
Dei politiske ideane til Turèll følgde ikkje den strenge oppdelinga som ideologiane sjølv gjorde. I diktet «MENTALT MANIFEST/SCHIZOFREN SYMFONI» erklærte han seg t.d. både som buddhist, yoga-utøvar, anarkist og sosialist.[4]
Mordserien
Dan Turèll forfatta den såkalla Mord-serien, i alt 12 kriminalromanar, i perioden 1981 til 1990. Serien går hovudsakleg føre seg i ein omdikta versjon av Vesterbro i København. Turèll sin versjon av Vesterbro er både meir romantisk og meir kriminell enn røyndommen, og geografien i bøkene stemmer heller ikkje heilt med den verkelege verda.
Serien krinsar om ein anonym journalist som tilsett i ei fiktiv københavnsk avis som heiter Bladet.
Bibliografi
Romanar, noveller og dikt
Vibrationer, dikt, 1966
40 ark, dikt, 1969.
40 linier, dikt, 1969.
Changes of Light, 1970.
Manuskripter 1-2, 1970.
Occult Confessions, 1970.
Områder af skiftende tæthed og tomhed, prosa, 1970.
Speed of Light, 1970.
Bevægelser, formålsløst cirklende, 1971.
Manuskripter om hvad som helst, 1971.
The Total-Copy System, dikt, 1971.
A Draft of XXX Space Cantos, dikt, 1972.
Feuilleton 1: Faraway Signs, 1972.
Feuilleton 2: Laser Time Switch, 1972.
Feuilleton 3: Filmen synker igennem Deres øjne, 1972.
Feuilleton 4: The Edison Kinetogram, 1972.
Opsvulmede byer i sigtekornet flagrende skud i bevidstheden, 1972.
Sidste forestilling bevidstløse trancebilleder af eksploderende spejltricks igennem flyvende tidsmaskine af smeltende elektriske glasfotos, 1972.
Dobbeltskrift, 1973.
Feuilleton 5: It's Just Another Whistle Stop, 1973.
Feuilleton 6: Not Fade Away..., 1973.
Feuilleton 7: Deres kodeskrift under Dobbelt Sol, 1973.
Here Comes Your 19th Nervous Breakdown (dikt), 1973.