Dame
Dame (frå seint norrønt damma gjennom fransk frå latin domina 'herskarinne') er ein tidlegare adelstittel som i moderne norsk viser til ei vaksen kvinne. Ordet dame var gjennom lange tider ein tittel for for gifte adelege kvinner. I nyare tradisjon har ordet dame vore bruka om vaksne kvinner av høgre samfunnslag eller som viser teikn på ei standsmessig daning. I vår tid kan ordet bli brukt om alle vaksne kvinner, utan streng sosial gradering, men likevel slik at det i mange samanhengar vert assosiert med kvinner av høg sosial rang. Annan bruk av ordetOrdet dame vert òg bruka om eit biletkort i kortstokken med talverdien tolv, mellom konge og knekt. I Storbritannia er Dame den kvinnelege varianten av ærestittelen Sir. Kjelder:
|