Concerto in B Goode er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1969 av Mercury Records. Tittelsporet er ein lang instrumental som interpolerer mange tema som Chuck Berry spelte i den klassiske perioden frå 1957 til 1962 og tar opp heile B-sida av albumet med ei lengd på kring 18 minuttar. Tittelen referer til den delvis sjølvbiografiske songen «Johnny B. Goode».
Albumet fekk særs god kritikk i Rolling Stone då albumet kom ut i 1969, og det vart skrive at Berry var tilbake i storform: «Meisteren er attende igjen og denne gongen har han kome opp med eit album som verdt ryktet hans.»[2]
Dette var det siste albumet Berry gav ut på Mercury. Året etter var han attende hos Chess Records, der han hadde vore mykje av karrieren sin.