Closer to Home er det tredje studioalbumet til Grand Funk Railroad og kom ut 15. juni 1970 på Capitol Records. Det vart produsert av Terry Knight. Albumet selde til gullplate i 1970, og vart den tredje gullplata gruppa fekk på eitt år. Songane «Sin's a Good Man's Brother» og «Aimless Lady» vart seinare spelt inn av den sørafrikanske gruppa Suck.[2] «Sin's a Good Man's Brother» vart òg spelt av Monster Magnet på debutalbumet deira, Spine of God (1991), av den tidlegare Dokken-gitaristen George Lynch i 2004 og Gov't Mule på albumet The Deep End, Volume 1 (2001). Innsida av plateomslaget syner eit konsertfoto av bandet som spelar i Madison Square Garden i februar 1970.
I 2002 vart Closer to Home mastra med ny lyd og bonusspor. Det vart òg gjeve ut i ein avgrensa plateboks, Trunk of Funk, som bestod av dei fire første albuma til bandet.
I 2009 vart songen «Sin's a Good Man's Brother» spelt over rulleteksten til filmen Law Abiding Citizen.