Claudio Merulo
Claudio Merulo, òg Claudio da Correggio, eigentleg Claudio Merlotti,[1] (fødd 8. april 1533 i Correggio, død 5. mai 1604 Parma) var ein italiensk komponist og organist frå seinrenessansen. LivMerulo arbeidde først som organist i Brescia (1556), året etter fekk han posten som andreorganist i Markuskyrkja i Venezia. Han må ha vore ein særs dyktig organist, for søkarlista inneheldt store organistar som Andrea Gabrieli. Merulo følgde i 1566 etter Annibale Padovano som førsteorganist, ein av dei mest prestisjefylte musikkpostane gjennom tidene. Denne gongen fekk Andrea Gabrieli posten som andreorganist. Dei to romleg fråskilte orgla i Markuskyrkja gjorde det mogeleg å spele orgel i den venetianske fleirkorsstilen som var blitt utvikla for kor og orkester på galleria i Markuskyrkja. I 1584 forlot Merulo brått posten i Venezia, og i desember 1584 dukka han opp på lønningslistene til hertug Alessandro Farnese av Parma. I 1587 vart han utnemnd som organist i katedralen i Parma og frå 1591 i kyrkja Santa Maria della Steccata. Han levde i Parma resten av livet. Musikk og påverknadMerulo sine samtidige heldt han for å vere si tids beste organist. Han vert rekna som den som innførte musikkforma toccata, og dei orgelverka som er bevart, viser at det er verk som er tenkt instrumentalt; tidlegare var instrumentalmusikk stort sett berre imitasjonar av vokalmusikk. Merulo høyrde til pionerane innan stylus phantasticus, og ein finn att mange av ideane til Merulo hos Sweelinck, Frescobaldi og andre. På grunn av den store påverknaden Sweelinck fekk som lærar, kan ein seie at mykje av den virtuose nordtyske klaviaturteknikken som kulminerte hos Bach nedstammar frå Merulo. Merulo skreiv òg a cappellamusikk, til dømes madrigalar. Som representant for den venetianske skulen skreiv han motettar for doble kor på same måten som Andrea og Giovanni Gabrieli gjorde. Av Merulo sine elevar kan ein nemne Florentio Maschera og Giovanni Battista Mosto. Verk
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
|