Circus Mircus
Circus Mircus er eit georgisk musikkband innan progressiv rock-sjangeren, som består av fire medlemmar. Bandet spelar hovudsakleg eksperimentell musikk og blander ei rekkje sjangrar, der kvar sjanger representerer ei livserfaring og den «indre verda» til kvar av bandmedlemmane.[1] Bandet representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Lock Me In».[2] BakgrunnBandet vart skipa i Tbilisi i slutten av 2020 av tre lokale sirkusakademi-studentar. Dei droppa ut av akademiet og bestemte seg i staden for å danne eit band. Ifølgje ein av bandmedlemmane var dei tre ikkje «gode nok, sannsynlegvis dei dårlegaste i besetninga. Det er grunnen til at vi vart vennar». Ifølgje dei fann dei den fjerde bandmedlemmen på gata og utnemnde han til basspelar i bandet.[3] Den georgiske rikskringkastinga kunngjorde 14. november 2021 at dei internt hadde vald Circus Mircus til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] Gruppa deltok i den andre semifinalen, der dei enda på sisteplass.[4] BandmedlemmarCircus Mircus består av fire medlemmar som alle nyttar pseudonym:[5][6][7]
Kjelder
|