Christmas is Coming![]() Christmas is Coming er eit engelsk barnerim og julesong som kan ha ulike melodiar. Rimet har følgjande tekst:
BakgrunnTeksten har ukjend opphav. Han blei gjeven ut i Bye-Gones i 1882, eit tidsskrift knytt til Wales og nærområda. Han blei også publisert i boka Shropshire Folklore året etter, der han skal ha blitt samla inn i Oswestry. Omtalen av gås som julemåltid peiker på eit opphav frå georgiansk tid eller viktoriatida, då dette blei vanleg.[1] Songen blei nedteikna som del av eit rim knytt til Guy Fawkes- eller bonfire night den 5. november i Oldham ved Manchester i 1945.[2] Oppfordringa om å gje småpengar i ein hatt gjer at songen blir knytt til almissegjeving, som også er vanleg rundt juletider. Ifølgje songomtalen til The Kingston Trio blir songen ofte framført medan ein sender ein hatt rundt for å ta imot pengegåver.[3] MelodiSongen kan framførast til mange ulike melodiar. Han kan også syngast som kanon. Han kan syngast til ein tradisjonell melodi som er ein variant av den engelske dansemelodien kjend som «Country Gardens».[4] Det finst også melodiar komponert av forfattaren Edith Nesbit,[1][5] Henry Walford Davies og Nick Reynolds.[6] InnspelingarThe Kingston Trio spelte inn songen som ein kanon med tittelen «A Round About Christmas» til julealbumet The Last Month of the Year frå 1960.[1][7] Harry Belafonte gav ut ein versjon på sitt julealbum To Wish You a Merry Christmas frå 1962. For fjernsynsprogrammet Muppetshow og det tilhøyrande albumet John Denver and the Muppets: A Christmas Together frå 1979 blei det laga ein calypsoaktig versjon. InspirasjonTeksten har vore utgangspunkt eller inspirasjon for nye versjonar og songar, som Christmas in the Old Man's Hat av Noel Mcloughlin og Christmas Is a-Comin', skriven av Frank Luther og framført av Bing Crosby. Kjelder
|