Chris Lowe
Christopher Sean «Chris» Lowe (fødd 4. oktober 1959)[1] er ein engelsk musikar som i lag med Neil Tennant utgjer popduoen Pet Shop Boys. Sjølv om Lowe ikkje har vore involvert i mange soloprosjekt, skreiv han og produserte i 1993 songen «Do the Right Thing» for fotballspelaren Ian Wright (Lowe er stor Arsenal F.C.-fan).[2] I 2004 skreiv Lowe musikk for ein reklamekampanje for solkremen Blockhead. Songen enda opp i ei remiksa form på ei chill-out-samling kalla Café Mambo. I 1995 dukka han opp som seg sjølv i den australske såpeoperaen Neighbours.[3] Etter Pet Shop Boys byrja å halde faste konsertar, vart Lowe kjend for å stå heilt stille medan han spelte klaverinstrument på scenen.[4] I 1995 skreiv The Guardian at han var «kanskje meir kjend enn nokon andre i popindustrien for å gjere nesten ingenting».[5] Kjelder
Bakgrunnsstoff
|