Calling Occupants of Interplanetary Craft
«Calling Occupants of Interplanetary Craft (The Recognized Anthem of World Contact Day)» er ein song av Klaatu, opphavleg gjeve ut i 1976 på det første albumet deira 3:47 EST. Songen opna nattsendinga på piratradiostasjonen Radio Caroline. Året etter songen kom ut spelte The Carpenters inn songen, med hjelp av 160 musikarar. Begge versjonane av singlane hadde det fulle namnet på omslaget (men Carpenters hadde undertittelen i lita skrift). På seinare singelutgåve for Klaatu var tittelen korta ned til «Calling Occupants». OpphavJohn Woloschuk, medlem i Klaatu og ein av dei som skreiv songen sa:
Lister
Medverkande
The Carpenters-versjonenThe Carpenters-versjonen vart gjeven ut på Passage og fleire samlealbum. Singelen vart ein suksess og mange skreiv brev til duoen der dei spurte når World Contact Day (verdas kontaktdag) skulle vere. Songen kom ut kort tid før Steven Spielberg-filmen med liknande tema, Nærkontakt av tredje grad kom ut, november same året. Ein del av songen kan høyrast i filmen The Wolverine frå 2013. Carpenters-versjonen opna med ein radioprat på eit innringingsprogram, som får ein telefon frå ein «Mike Ledgerwood». Då DJen spør Mike om eit songynske svarar ei romvesenstemme. Radioprataren på songen var gitaristen til Carpenters, Tony Peluso, som i musikkvideoen òg spelar denne radioprataren.[3] Singelomslaget vart måla av Star Trek-designeren Andrew Probert. I april 2011 vart songen nytta i BBC-serien Wonders of the Solar System, leia av dr. Brian Cox. Lister
Medverkande
Kjelder
|