Etter ein lengre turné med ei ny besetning, inkludert Big Brother and the Holding Company-gitaristen Peter Albin, drog gruppa i studio.[3]Country Joe McDonald hadde alt byrja å spele inn soloalbum
for selskapet då innspelinga kom i gang. Endringane i Country Joe and the Fish var at trommespelaren Greg Dewey, bassisten Doug Metzner og klaverspelaren Mark Kapner var komen inn i bandet. Dei fremste låtskrivarane var Barry «The Fish» Melton og «Country Joe» McDonald som før, så albumet heldt noko av den same stilen som dei hadde hatt. Den nye besetninga turnerte mykje på tida då Woodstockfestivalen var og gruppa spelte òg i filmen Zachariah som den fredlause gruppa «The Crackers».[4]
Etter å ha eksperimentert på det førre albumet, Here We Are Again (1969), gjekk bandet attende til den tidlegare stilen frå dei to første albuma på dette albumet.[5] Sjølv om albumet er psykedelisk, er det òg dreidd i popretninga. Vanguards Records prøvde å gjere bandet meir radiovenleg og dette var det næraste bandet kom til å klare dette, sjølv om dei vart verande eit undergrunnnsband. Trass i ein suksessrik turné og respektable albumsal, vart bandet oppløyst året etter.[6]