CèilidhCèilidh (uttalt /ˈkeɪli/) eller céilí (irsk) er eit tradisjonelt skotsk og irsk sosialt samkome. I den mest grunnleggende forma tyder det berre eit sosialt besøk. I moderne bruk involverer det vanlegvis dansar og speling av gælisk folkemusikk, anten i ein heim eller i eit større samfunnshus eller annan samlingsstad. Cèilidhar oppstod i gæliske område i Skottland og Irland, og finst også i skotsk og irsk diaspora. Samkoma liknar troyl i Cornwall og twmpath og noson lawen-tilstellingar i Wales, merry neets i Cumbria og Nord-Aust-England, og engelsk country dance over heile England som på nokre område har gått gjennom ein fusjon med céilidh. TradijsonarI Skottland![]() Privat organiserte cèilidhar er særs vanleg både i landlege og urbane Skottland, der band blir hyra, vanlegvis til kveldsunderhaldning ved bryllaup, fødseldagsselskap, feiringar eller pengeinnsamlingar. Desse kan vera meir eller mindre formelle, og omfattar ofte ingen andre tradisjonelle gæliske aktivitetar enn musikken og dansen. Tilstellingane har ofte vanlegvis nybyrjarar blant deltakarane, og ein danseutropar (dance caller) kan læra dei stega før musikken byrjar for kvar dans. Meir allsidige band kan òg syna fram dansane. Skotske grunnskolar lærer ofte elevane nokre skotske countrydansar, ofte rundt juletider. Band kan ha ulike storleikar, men omfattar vanlegvis mellom to og seks spelarar. Den skotske cæilidh-dansen er på ingen måte avgrensa til den yngre generasjonen, og dansane varierer i hastigheit og kompleksitet for å passa til dei fleste aldersgrupper og nivå. Dei fleste private skular i Skottland held òg ganske regelmessig ceilidhar. Det blir òg halde offentlege ceilidhar som tiltrekker seg betalande deltakarar, ofte i eigne klubbar. Kvart år blir det halde ein Ceilidh Culture-festival i Edinburgh som omfattar musikk, dans, song og forteljing.[1] Universitet i Skottland held jamleg cèilidhean. Det blir halde fleire tilstellingar for studentar ved University of Edinburgh kvar termin. Ein av desse er Highland Annual, den eldste cèilidhen i Edinburgh og den største i Scotland, som blir arrangert av Highland Society (An Comann Ceilteach). Den årlege debatt-tevlinga til Glasgow University Union, Glasgow Ancients, endar tradisjonelt med ein cèilidh. Union held også ei juletilstelling, Daft Friday, som omfattar ein cèilidh.[2] I Irland![]() Céilí-dansar er ei populær form for folkedans i Irland, og er del av dei vidare irske dansar. Irske céilí-dansar bygger på heys (hedges, eller par av linjer vende mot kvarandre), ringdansar, langdansar og kvadriljer.[3] Dei blei typisk gjenoppliva under den gæliske gjenfødinga i det fyrste kvartalet av 1900-talet[4] og formalisert av Irish Dancing Commission.[5] Det finst kring tretti dansar som dannar grunnlag for eksamenar av céilí-danselærarar. Irske céilíar er sosiale samkome med framføring av irsk folkemusikk der både menn og kvinner deltar. Danseforma blei utvikla i lag med det nasjonalistiske kulturelle medvitet seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet for å fremja irsk identitet. Historie og bakgrunnIrske céilíar fekk tilbake populariteten sin på slutten av 1800-talet, då det blei gjort sterke forsøk på Irland for å få tilbake kulturell og politisk autonomi etter at landet hadde vore kolonisert i over 800 år. Målet til Gaelic League, som blei skipa i 1893, var å fremja irsk kulturelt sjølvstende og stå for de-anglisering. Dette omfatta ei styrking av det irske språket, litteraturen og folkelege tradisjonane, som irsk song og dans. Mange avdelingar av Gaelic League som dreiv opplæring innan dans, song, musikk og litteratur blei skipa skipa over heile Irland.[6] Sosiale ceilidansarCéilí-dansar som blir dansa sosialt har ofte ein progresjon der dansen fortset etter ein runde med at ein dansar med neste partnar i linja. I store samlingar blir dansane ofte ropte ut av ein utropar, gjerne ein lærar eller den mest erfarne dansaren tilstades som kan dansen godt. Dei kan då ropa ut rørslene på ein naturleg måte for å minna dansarane på kvar og kva tid dei skal røra seg. Dansane kan utbroderast etter evnene til begge dansarane. Kjelder
Bakgrunnsstoff |