Bud
Bud er ein tettstad og eit fiskevær i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden har 802 innbyggjarar per 1. januar 2024. Bud var tidlegare òg ein kommune. Bud kommuneBud kommune vart oppretta som Bud formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1878 vart ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er noko uklårt om dette gjeld Kvernes sokn og/eller Kvernes kommune. 1. januar 1891 vart garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune. 1. juli 1918 vart Hustad utskild som eigen kommune. Bud hadde 1 397 innbyggjarar etter frådelinga.[1] 1. januar 1964 vart Bud, Fræna og Hustad kommunar samanslegne til den nye Fræna kommune. Bud hadde 1 610 innbyggjarar ved samanslåinga. FolketalsutviklingFolketalsutvikling for tidlegare Bud kommune frå 1918 til 1964:
Sjå ògKjelder
|