Brikt Jensen
Brikt Jensen (15. september 1928–14. november 2011) var ein norsk forleggjar, forfattar, professor og programleiar frå Bergen. BiografiEtter oppveksten i Bergen og noko arbeid i avisa Dagen, starta Jensen studia sine ved Universitetet i Oslo i 1949. Her vart han utdanna til mag. art, cand. philol og fekk doktorgrad i litteraturhistorie i 1964. Doktorgradsavhandlinga handla om den franske forfattaren François Mauriac og hadde tittelen Diktning eller psykologi. Frå 1957 - 1959 jobba Jensen som lektor i norsk ved Universitetet i Strasbourg, og etter eit par nye stillingar vart han tilsett som kontorsjef ved UiO. Han tok også til som litteraturkritikar, både i Frisprog og Verdens Gang. Då Jensen i 1962 skreiv ei innstilling til kyrkje- og undervisningsdepartementet, bidrog han sterkt til skipinga av Norsk kulturråd og Norsk kulturfond. Han fekk Bastianprisen i 1964 for si omsetjing av André Gide si Falskmynterne. I 1964 vart han redaktør i Gyldendal sitt tidsskrift, Vinduet, og året etter vart han assisterande direktør i Gyldendal. Jensen fekk mykje å seia for forlaget Gyldendal, då han var administrerande direktør frå 1970 - 1980 og deretter hovudkonsulent. I 1984 vart han programleiar for NRK sitt Bokstavelig talt, ein litterær fjernsynsserie. I 1988 vart han utnemnd til professor II i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1990-åra jobba han også som litteraturanmeldar i Dagbladet. Brikt Jensen vart i sitt fyrste ekteskap far til Ingebrigt Steen Jensen. Hans andre ekteskap varte fram til kona døydde i 2003. Verv
Verk (utval)
Kjelder |