Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Bluse

Bluse bestilt av Nanna Svartz (1890–1986), doktor i medisin og den fyrste kvinnelege professoren ved ein statleg høgskule i Sverige, i 1937.

Bluse er ei nemning som har vore brukt om fleire typar klesplagg i form av tynne, livlange overdelar. Ordet «bluse» er frå fransk blouse, der det blir brukt om «bluse, kittel, busserull, arbeidsforkle». På engelsk blir blouse elles nytta om korte uniformsjakker.

Historie

Opphavleg var blusar skjorteliknande klesplagg nytta som ytterplagg av franske bønder og arbeidarar. Den franske revolusjonen førte til at plagget blei meir utbreidd.[1]

Frå midten av 1800-talet blei blusen ein del av vestleg kvinnemote, og i dag blir ordet «bluse» hovudsakleg nytta om visse typar plagg for kvinner.[1] Ein skjortebluse liknar gjerne kneppeskjorte for menn, men skjorteblusar kan også vera meir pynta, til dømes med ein spesiell krage eller draperingar. Ein jakkebluse er ei jakke som i mange tilfelle kan minna om dressjakke for menn. Han kan likevel vera laga i mykje friare fargar enn ei dressjakke. Jakkebluse for kvinner blir også brukt i meir utstrekt grad ved daglegdagse høve.

Ein tynn genser kan også kallast bluse på norsk.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bluse
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya