Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Blitzen

Hus i London øydelagde i flybombing

Blitzen (engelsk the Blitz) var den vedvarande tyske flybombinga av Storbritannia under andre verdskrigen, frå 7. september 1940 til 10. mai 1941. Dei tyske bombetokta rammet fleire byar rundt i landet, og byrja med at London blei bomba i 57 netter.[1] I slutten av mai 1941 hadde over 43 000 sivile omkome, og berre i London var over ein million hus øydelagde eller skadde.

Målet til Tyskland med bombetokta var å demoralisere den britiske befolkninga slik at Storbritannia blei nøydd til å kapitulera, eit mål som det tyske luftvåpenet Luftwaffe ikkje hadde klart å nå med slaget om Storbritannia sommaren og hausten 1940. I mai 1941 blei hovuddelen av Luftwaffe flytta austover for å bidra til åtaket mot Sovjetunionen, og hovuddelen av dei tyske bombetokta mot Storbritannia var over.

Kjelder

  1. Blitzen. (2018, 12. februar). I Store norske leksikon. Hentet 12. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Blitzen
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya