Birgit Nissen
![]() Birgit Christine Nissen (1. juni 1899–29. april 1945) var ein norsk journalist, lyrikar, arbeidarpartipolitikar, organisasjonsaktivist, motstandskvinne og konsentrasjonsleirfange i Ravensbrück og lyrikar.[1][2] Liv og virkeBirgit Nissen var dotter av meteorologen og forfattaren Peter Sylvius Nissen og skodespelaren Dina Nissen, vaks opp i Bærum og budde på Voll.[3] Ho tok examen artium ved Nissen skule i 1919, og studerte ved University of Pittsburgh 1928–29.[1][4] Som journalist arbeidde Birgit Nissen i Norges Kvinner 1920–29 og deretter i fråhaldsavisa Folket. Etter 1933 var ho «fri journalist i arbeiderpressen»,[2] og markerte seg «med skarp penn mot den gryende fascismen».[5] Ho arbeidde også i organisasjonstidsskrift som Hjemmene's vels blad, Arbeideren og Tidsskrift for alkoholfri kultur. Ein periode var Birgit Nissen sekretær for Gustav Vigeland, og katalogiserte arbeidet hans.[1][4] Ho tileigna diktet Troyaborgens fremtidssagn til Vigeland.[6] Eit annet av Nissens dikt er tileigna Olaf Kullmann, offiseren som på 1930-talet markerte seg i offentlegheita som pasifist, danna Folkereisning mot krig i 1937 og døydde i Sachsenhausen i 1941. Nissen sitt dikt dedisert til Kullmann ber tittelen «Skitur».[7] Frå 1937 arbeidde Nissen som lærar i norsk og korrespondanse ved Bærum yrkesskole.[8] Ho var medlem av Bærum kommunestyre frå 1938.[9][10] Nissen var styremedlem i Norges fredsforening i 1928,[11] heldt eit kurs i regi av Norsk Kvinnesaksforening i 1932,[12] og var varamedlem til styret i kvinnesekreteriatet til Arbeidarpartiet i 1939.[13] Andre verdskrigenBirgit Nissen blei arrestert for «tyskfiendtleg verksemd», det vil seie illegale aviser, fyrste gong i oktober 1942 og sat i Bredtveit fengsel. Ho blei lauslaten 20. oktober 1942, men arrestert for andre gong den 1. juni 1943. Ho blei overført frå Bredtveit til Grini fangeleir 6. juni og blei send vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück 6. oktober 1943.[14][15] På veg heim frå Ravensbrück med Dei kvite bussane var ho smitta med flekktyfus; ho blei innlagt på Helsingborg epidemisjukehus då ho kom til Sverige, og døydde der etter fire dagar.[16] Diktsamlinga Dikt kom ut posthumt på Aschehoug i 1949.[17] Kjelder
Bakgrunnsstoff
|