Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Barnaul

Barnaul
Барнаул
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Altaj kraj
Høgd 180 m
Areal 322 km²
Folketal 623 057 (1. januar 2023)
Grunnlagd 1730
 •  Bystatus 1771
Postnummer 656xxx
Retningsnummer +7 3852
Bilnummer 22
Kart
Barnaul
53°21′24″N 83°47′14″E / 53.356666666667°N 83.787222222222°E / 53.356666666667; 83.787222222222
Wikimedia Commons: Barnaul

Barnaul (russisk Барнау́л) er ein by og administrativt senter i Altaj kraj i Russland. Han ligg ved elva ObDet vestsibirske låglandet, rundt 3000 km aust for Moskva. Byen har om lag 630 000 innbyggjarar. Delar av byer er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 35. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

Historie

Kart over Barnaul frå 1748.

Barnaul er ein av de eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt av den velståande Demidov-familien på 1730-talet og staden vart vald på grunn av nærleiken til dei mineralrike Altajfjella og plasseringa ved ei stor elv, Ob. I tillegg til kopar, som opphavleg trekte til seg Demidovane, så vart det snart òg funne store sølvreservar. I 1747 vart Demidov-fabrikkane overtatt av den russiske staten og det vart snart det største sølv-senteret i Russland.

På 1700- og 1800-talet vart 90 % av alt russisk sølv produsert i Altaj-regionen. I Barnaul låg det største sølv-smelteverket og innbyggjartalet i byen auka etter kvart som produksjonen ekspanderte. I 1771 fekk Barnaul byrettar og var ein av dei største byene i Sibir på denne tida.

Innan 1900-talet hadde Barnaul vokse til eit stort senter for handel og kultur i regionen, spesielt etter bygginga av Turkestan–Sibir-jernbanen.

Under den andre verdskrigen vart mange industriverksemder flytta frå Ukraina og vestlege delar av Russland til Sibir, mellom anna til Barnaul, for å sleppa unna den tyske invasjonen. Som ei arv frå denne tida har Barnaul enno i dag ein av dei største ammunisjonsfabrikkane i Russland.

Økonomi

Barnaul er eit viktig industrielt senter i Sibir. Det er over 100 industriverksemder i byen, med 120 000 tilsette. Av produkta som vert produsert finn ein diesel, utstyr og verktøy til metallindustri, dampkjeler, dekk, teknisk karbon, boreriggar og -maskinar, møblar, fottøy og slipte diamantar.

Den viktigaste handlegata i byen er Lenin-avenyen.

Hovudgata i Barnaul sett frå den nye brua over Ob.

Transport

Barnaul er knytt til resten av Russland med flyruter, jernbanar, vegar og elvebåtar. Byen ligg rundt 200 km sør for Novosibirsk, den største byen i Sibir og den tredje største i Russland. Barnaul er eit knutepunkt for jernbanelinjene frå Novosibirsk til Almaty og Bijsk. Det er òg hyppige bussamband til de dei nærliggande byane Bijsk og Gorno-Altajsk. Det tar rundt fire timar med bil å nå Altajfjella i sør.

Barnaul lufthamn ligg rundt en time frå bysenteret og har daglege ruter til Moskva og St. Petersburg og òg mange mere lokale ruter. Det er òg ruter til Vladivostok ved Stillehavet.

Alle delar av Barnaul er knytt til byen sitt nettverk av kollektivtransport, som omfattar busser, trolleybussar og drosjar.

Utdanning og kultur

Barnaul er kjent som eit vitskapeleg senter i Sibir. Byen har fem universitet, mellom anna Ivan Polzunov Altaj statlege tekniske universitet, Barnaul statlege pedagogiske universitet, Altaj statlege medisinske universitet og Altaj statlege universitet.

Byen har òg 35 bibliotek, fem teater og tre museum. Det lokalhistoriske museet i byen vart grunnlagd i 1823 og er eit av dei eldste musea i Sibir, med utstillingar av lokale kunstnarar og unike gjenstandar frå Altaj-regionen.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Barnaul


Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya