Bajdukov
Bajdukov (russisk Остров Байдуков - Ostrov Bajdukov), tidlegare Langr eller Bolsjoj Langr, er ei øy sør i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg søraust for øya Tsjkalov, utanfor Stsjastjabukta nær nordvestsida av øya Sakhalin. Bajdukov er 12 km lang og opp mot 3 km brei i nordvest. Øya er eit av få område der nordstarik vert rekna som vanleg. Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj. HistorieØya er kalla opp etter den sovjetiske piloten Georgij Bajdukov som var kopilot på Antonov ANT-25-flyet som 20. juli 1936 flaug frå Moskva og over Frans Josefs land, Severnaja Zemlja, Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Khabarovsk. Flyet landa 56 timar og 20 minutt seinare på øya Udd etter å ha reist 9374 km. Denne direkte flyturen vart kalla «Stalinruta» etter Josef Stalin.[1] Nærliggande øyar
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff |