Back Pages
Back Pages er det 17. studioalbumet til America, gitt ut 26. juli 2011 på eOne. Albumet er det første studioalbumet til bandet med coverversjonar av nokre av favorittlåtskrivarane deira. Albumet har gjesteopptredenar av Mark Knopfler og Van Dyke Parks.[1] InnspelingBack Pages vart spelt inn i British Grove Studios i London, Your Place or Mine i Glendal i California, og Tracking Room og Zoomar South Studios i Nashville.[2] UtgivingBack Pages vart gitt ut 26. juli 2011 av eOne.[1] Utgivinga av Back Pages fall tilfeldigvis to dagar etter det plutselege dødsfallet til medgrunnleggjaren av America, Dan Peek. Musikalsk stilDen musikalske stilen på Back Pages består av den klassiske America-vokalen og akustiske gitar-lyden, akkompagnert av studiomusikarar frå Nashville, og forsterka av av nokre tidstypiske lydar, som sitar-effekten på «Woodstock» og dei «sterkt overdrivne gitareffektane» på «Time of the Season».[3] PlateomslagBilete på plateomslaget er teke av Chad Griffith og viser eit brunt skinninnbunde manuskriptalbum med notar liggjande på eit trebord. Omslaget til manuskriptalbumet inneheld tittelorda «Back» og «Pages» skilt av den stiliserte logoen til bandet. TurnearI 2011 spelte America 85 konsertar i USA, Canada, Italia, Frankrike, Guatemala, Honduras og Chile.[4] Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet tre av fem stjerner, og noterte «den intime og vennlege» produksjonen på albumet og det nokre gonger overraskande arrangementet, og konkluderte: «Det er behageleg og engasjerande utan å vera sjølvtilfreds. Det er eit besøk hos gamle vener som framleis kan gjera noko uventa etter alle desse åra.»[1] I meldinga si for American Songwriter gav Rick Moore albumet tre og ei halv av fem stjerner, og kalla det «ein velgjord CD for babyboomarar og barna deira». Han rosa songutvalet for å inkludera både eldre og moderne standardar, og noterte: «Røystene og rekkjevidda til America ser ikkje ut til å ha forandra seg det minste; om noko, blir desse gutane berre betre, ettersom dei syng med den sjølvtilliten som berre alderen kan gi.»[3] Innhald
Medverkande
med:
Kjelder
|