Ask Me Why
«Ask Me Why» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles først gjeven ut i Storbritannia som B-sida til singelen «Please Please Me». Han var òg med på debutalbumet deira, Please Please Me. KomposisjonSongen var skriven tidleg i 1962 og er i røynda ein song av John Lennon,[1] men vart tilskriven Paul McCartney ogJohn Lennon, slik alle dei originale songane på Please Please Me vart. Paul McCartney sa «Det var John sin originale idé og me sat oss ned og skreiv han i lag, men det var hovudsakleg John sin.»[2][3] Han vart framført på konsertane deira før dei fekk platekontrakt og var ein av dei songane dei spelte inn under den første innspelinga si for Parlophone i Abbey Road studio to den 6. juni 1962.[4][5][6] Songen etterliknar stilen til Smokey Robinson and the Miracles, som Lennon var inspirert av. Den førte gitarfrasen i songen er henta frå The Miracles sin «What's So Good About Goodbye» (1961).[7] Innspeling«Ask Me Why» vart opphavleg spelt inn i Abbey Road studio den 6. juni 1962 med trommeslagaren Pete Best. Sidan innspelinga var ein «kommersiell test», vart ikkje nokre av innspelingane den dagen rekna som høvande for utgjeving, og ein trudde lydbanda var blitt øydelagd av EMI. Men to songar overlevde, «Besame Mucho» og «Love Me Do» vart seinare funne på acetat-plater.[8][9][10] Songen vart spelt inn på ny, i lag med «Please Please Me», den 26. november 1962 med Ringo Starr på trommer. The Beatles øvde òg på «Tip of My Tongue», ein annan Lennon- og McCartney-song som dei vurderte som B-sida til «Please Please Me».[7] George Martin meinte derimot at «Tip of My Tongue» framleis var uferdig og gav han til slutt til Tommy Quickly som spelte han inn.[11] Andre utgjevingar
Andre versjonarSongen vart spelt inn av The Smithereens på albumet deira 2008 B-Sides The Beatles.[12] Medverkande
Lydteknikar var Norman Smith
Kjelder
|