Angara
Angara (russisk Ангара́) er ei 1779 km lang elv i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj, søraust i Sibir i Russland. Ho er den einaste elva som renn ut frå Bajkalsjøen og er ei av kjeldeelvane til Jenisej.[1] Angara renn ut frå Bajkalsjøen nær Listvjanka og renn ordover gjennom byane Irkutsk, Angarsk, Bratsk og Ust-Ilimsk i Irkutsk oblast. Ho snur så vestover og inn i Krasnojarsk kraj, og munnar ut i Jenisej nær Strelka (40 km aust for Lesosibirsk). Stykket av elva nedanfor samløpet med Ilim vart tidlegare kalla for Øvre Tunguska (russisk Верхняя Тунгуска, Verkhnjaja Tunguska). Demningar og reservoarTre store vasskraftverk er bygd langs Angara sidan 1950-åra.
Transport![]() Angara vert nytta til transport i fleire stykke av elva.[2][3][4]
Stykket mellom Ust-Ilimsk-demninga og Bogutsjanyjdemninga har ikkje vore framkommeleg på grunn av stryk. Når Bogutsjanyjdemninga står ferdig og er fylt opp vil derimot delar av dette stykket verte framkommeleg. Ingen av dei fire demningane er utstyrt med sluser. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|