Andreas Hompland
Andreas Hompland (fødd 18. september 1946 i Kvinesdal) er ein norsk journalist og sosiolog. Hompland er magister i sosiologi frå Universitetet i Oslo, der han også dreiv mykje med studentpolitikk. Avhandlinga hans heitte To-kyrs industriarbeidarar i streik. Han har vore innom sosiologisk forsking, men er meir kjend frå journalistikk og annan skriftproduksjon av til dømes kåseri og petitar. Hompland har arbeidd i Dagbladet gjennom ei årrekkje, som sommarvikar i 1971, fast tilsett i 1975–1980, og kulturredaktør frå 1985 til 1986. I dag er han frilansjournalist for avisa. Han har også vore redaktør for tidsskriftet Plan og fagleg rådgjevar ved Senter for bygdeforskning. Andreas Hompland har skrive fleire bøker og var i 1971 med på å stifte anarkistorganet Folkebladet.[1] Han var leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening frå 1993 til 1994 og leiar av fordelingsstyret i Kopinor frå 2002 til 2006. Bibliografi
Prisar
Kjelder
Referansar |