Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Andreas Cederbergh

Andreas Cederbergh
Fødd29. desember 1792
Død25. desember 1858 (65 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Andreas Cederbergh (29. desember 179225. desember 1858) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Egersund, busett i Stavanger.

Cederbergh reiste i ung alder til sjøs med eit skip frå Trondheim, vart kapra i Nordsjøen og sat halvtanna år i prisonen i England. I 1818 tok han til som målarmeister i Stavanger. Seinare byrja han handel og fekk stilling som veginspektør. Han fekk bygt Cederbergs sal, ei bygning som i 1830-40-åra var ein kjend fest- og samlingsstad for borgarskapen i Stavanger. Cederbergh skreiv høvesdikt og fekk stifta eit dramatisk selskap. Sjølv opptredde han ved mange høve.

Cederbergh representerte Stavanger by i stortinget i 1833, 1836 og på omframtstortinget 1836-37. Han var medlem i Næringskomiteen, i 1833 var han også med i komiteen om kjøpstadskatten.

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya