Aksel Christopher Wiin-Nielsen
Aksel Christopher Wiin-Nielsen (17. februar 1924–26. april 2010) var ein dansk meteorolog. Han tok graden fil.dr. i 1960 og var tilknytt Joint Numerical Weather Prediction Unit i Suitland i USA frå 1959 til 1961, då han vart tilsett ved National Centre for Atmospheric Research i Boulder i USA, der han var fram til 1963. Han vart professor ved University of Michigan frå 1963 til 1971 og ved Universitetet i Bergen 1972–1974. Han var direktør for European Centre for Medium-Range Weather Forecasts i Reading i Storbritannia frå 1974 til 1980 og generalsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon frå 1980 til 1984. Han har ein omfattande vitskapleg produksjon, særleg innan dynamisk meteorologi. Kjelder«Aksel_Christopher_Wiin-Nielsen» i Store norske leksikon, snl.no. |