Vampire Weekend er debutalbumet til den amerikanske musikkgruppa Vampire Weekend, som var utgjeve 29. januar 2008 av XL Recordings. Det vart produsert av bandmedlemmen Rostam Batmanglij, med hjelp frå Jeff Curtin og Shane Stoneback i miksinga. Biletet på plateomslaget er eit polaroidfoto frå ei av dei tidlege framsyningane deira på Columbia University.
Albumet har avla fleire singlar, mellom anna «A-Punk», «Oxford Comma», «Cape Cod Kwassa Kwassa» og «The Kids Don't Stand a Chance».
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.